Storm Weather Shanty Choir 25 år!

FRA
Saturday
29
.
November
2025
Til
Til
Starter
20:00
Dørene åpner
19:00
Varighet
75 min
Sal
Forum Scene
Aldersgrense
18 år

Storm Weather Shanty Choir feirer 25 år med hiv & hoi med konsert på Forum Scene!

I 2025 har Storm Weather Shanty Choir levert rå og energiske tolkninger av sjantiar og sjømannssongar i 25 år. Dei går inn i jubileumsåret med uforminska energi!  

Den tidlegare seglskutesjømannen Haakon Steinar Vatle starta Storm Weather Shanty Choir etter inspirasjon frå seglskipet Statsraad Lehmkuhl, der han jobba på dekk i fleire år. Då han vende tilbake til Stord samla han venegjengen, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem, Ronny Sætre og Roald Kaldestad, og danna rockekoret.

Musikalsk famnar Storm Weather Shanty Choir stadig breiare, og dei har blitt kjende som eit fargerikt innslag i både folkemusikk- og rockemiljø. Dei har turnert fleire gonger i Japan, USA og Europa, og her heime har dei spela på festivalar som Vossa Jazz, Den festivalen i Vangen,  Trænafestivalen, Tysnesfest, Førdefestivalen, Bergenfest, Folkelarm og by:Larm. I tillegg er dei årvisse gjengangarar med utselte hus i Oslo, Trondheim og Bergen.

Varm opp stemmebånda og bli med på ei heftig musikalsk sjøreise!

Dørene åpner kl. 19.00

Konsertstart kl. 20.00

Varighet : ca 1 time og 15 minutter.

Ståplasser på parkett / Sitteplasser i amfi

Alder 18 år

Servering: Salg av øl/vin og alkoholfritt.

Foto og lydopptak forbudt